Island Macaskin
Island Macaskin eller MacAskin (skotsk-gælisk Eilean MhicAsgain) er ei øy i Loch Craignish i Indre Hebridane i Skottland.
Island Macaskin Lokalt namn Eilean MhicAsgain | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°08′N 5°34′W / 56.14°N 5.56°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 0,5 km²
|
Høgaste punkt | 65 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Øya var tidlegare busett, og i motsetnad til mange av dei skotske øyane har ho ein god del skog. Det ser ut til at øya vart heilt fråflytta i 1880-åra. I dag finst det enkelte murar, ein saueinnhegning og kalkomn på øya.[1]
Det veks mykje villblomar på øya, men ikkje så mange som på den nærliggande Eilean Rìgh.
Øya er lang og smal, frå sørvest til nordaust, og går parallelt til kysten på fastlandet. Ho består hovudsakleg av ein rygg der vestsida er høgare enn austsida. Det høgaste punktet på øya er 65 meter over havet. Fleire skjer strekkjer seg sørover frå øya og ut i Sound of Jura.[2]
Grunnfjellet på øya er metamorf apidioritt med noko kvarts sør på øya.[1]
Det ligg fleire mindre øyar kring Island Macaskin, som Eilean nan Gabhar, Eilean nan Coinean, Garbh Rèisa, Rèisa an t-Sruith, Rèisa MhicPhàidein og Eilean na Cille.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Island Macaskin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 56-58. ISBN 1841954543.
- ↑ «Overview of Island Macaskin». Gazetteer for Scotland. Henta 15. februar 2010.