Isoflate
Ei isoflate er ei tredimensjonal utgåve ev ei høgdekote. Det er ei flate som representerer punkt av same verdi (t.d. trykk, temperatur, fart, tettleik) innanfor eit område i rommet.
Vanlegvis kan ein sjå isoflater ved å bruke datagrafikk, og vert ofte brukt for å vise utrekna data i væskedynamikk, slik som væskestraum rundt lekamar, t.d. ei flyvenge.
I medisinsk avbilding kan isoflater brukast til å representere område med ei viss tettleik i ei tredimensjonal CT-skanning, slik at ein kan visualisere indre organ, bein eller andre strukturar.
Fleire andre område, som farmakologi, kjemi, geofysikk og meteorologi, bruker tredimensjonale data representert som isoflatar.