Isola Maggiore er den nest største øya i Trasimenosjøen i Umbria i Italia. Ho er den einaste busette øya i innsjøen med om lag 30 innbyggjarar.

Borga Guglielmi med eit lågt tårn frå antikken på sørsida av øya.

Historie endre

Frans av Assisi levde på øya som ein eremitt frå 1211. Kyrkja til erkeengelen Mikael frå 1100-talet vart bygd på toppen av øya. Den einaste landsbyen på øya hadde gullalderen sin på 1300-talet etter at det vart oppretta eit fransiskanarkloster her i 1328. Dei fleste bygningane i landsbyen kjem frå denne perioden. På 1800-talet hadde øya 700 innbyggjarar, men etter dette gjekk talet nedover. Borga Guglielmi vart bygd oppå klosteret i 1880-åra, som etter kvart har forfalle.

Økonomien endre

I dag livnærer landsbyen seg på fiske, jordbruk, turisme og tradisjonell produksjon av blonder, som vart introdusert på 1900-talet. Nokre av oliventrea på øya er fleire hundre år gamle.

Kjelder endre

43°11′N 12°06′E / 43.183°N 12.100°E / 43.183; 12.100