Bresjø

(Omdirigert frå Issjø)
Denne artikkelen handlar om innsjøar danna av smeltevatn. For innsjøar demde opp av isen, sjå bredemd sjø.

Ein bresjø eller eit brevatn er ein innsjø som er danna av smeltevatn frå ein isbre.

Dei sju Rilasjøane i Rila i Bulgaria er typiske bresjøar.

Bresjøar har ofte ein grønleg farge som følgje av oppmalne mineral (steinmjøl) som gjev næring til mange algar[1]

Ein isbre som dreg seg tilbake, legg ofte att is etter seg her og der, særleg i groper mellom drumlinar og åsar. Når denne isen smeltar, vert han til innsjøar. Desse innsjøane er ofte omgjevne av drumlinar og andre spor av isbrear som morener, rullesteinåsar og spor etter erosjon som isskuringsstriper.

Fotnotar endre

Kjelde endre