Istrehågan er eit gravfelt frå jernalderen, truleg 500 fvt.–1000. Steinsettjingane stammar frå tida mellom 400–600. Kulturminnet er automatisk freda etter Kulturminneloven.

Istrehågan i Tjølling
Foto: Arnstein Rønning

Istrehågan ligg akkurat på grensa mellom Larvik kommune og Sandefjord kommune, ved Jåberg i Tjølling. Kulturminnet består av fem steinsetjingar og to skipssetjingar, den største er 25 meter lang og har 18 reiste steinar. I gravene er det funne restar etter menneske, bjørneklør, keramikk, ei nål og andre gravgåver.

Fyrsteleddet av namnet Istrehågan kjem ifylgje Norsk etternamnleksikon (s. 210) av Istra, «eit elvenamn av uviss tyding». Arkeologen Elizabeth Skjelsvik undersøkte Istrehågan i åra 1959–1962, og anlegget vart dermed rekonstruert slik ein trudde det hadde sett ut. Andre funn i nærområdet tyder på busettjing eller leirslaging både i steinalderen og i bronsealderen.

Bakgrunnsstoff endre

59°5′48.606609″N 10°10′27.248526″E / 59.09683516917°N 10.17423570167°E / 59.09683516917; 10.17423570167