Skipssetjing (skipssetting) er den arkeologiske nemninga på steinar som i gamal tid er sett opp i to radar på det viset at dei dannar forma på ein open båt sett ovanfrå, ofte med ein større stein i kvar ende for truleg å markere baugen og akterenden på båten. Slike steinsetjingar er vanlege i Norden, òg i Noreg. Dei skriv seg hovudsakleg frå jarnalderen (400-1050 e.Kr), særleg frå den seinare parten av jarnalderen, men somme er òg tidfesta til yngre bronsealder, og soleis mykje eldre. Etter funna i nokre av dei å døme, har dei vore nytta som graver.

Ales stenar i Sverige.
Ein tydeleg skipssetjing er den såkalla Tjelvars grav på den svenske øya Gotland i Austersjøen. Denne skipssetjinga er tidfesta til bronsealderen.
Skipssetjing frå vikingtida i Menzlin i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland.

Dei mest vidgjetne skipssetjingane i Norden er truleg dei som er å sjå på Lindholm Høje og Klebæk HøjeJylland i Danmark, Ales stenar og Hjortahammar i Blekinge i Sverige, og Istrehågan i Noreg.