Italiensk teiknspråk
Italiensk teiknspråk (Lingua dei Segni Italiana, LIS) er eit teiknspråk som primært blir brukt i kommunikasjon med og blant døve i Italia. Språket har breidd seg frå Frankrike til Italia. Følgjeleg har også dette teiknspråket mange fellestrekk med fransk teiknspråk.
Italiensk teiknspråk | ||
Klassifisering: | Teiknspråk | |
Bruk | ||
Tala i: | Italia, Sveits, San Marino | |
Italiensk teiknspråktalande i alt: | Italia (3.525.000[1]), Sveits (426.800[2]), San Marino (1.460[3]) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | ise |
Språket har om lag 3.525.000 brukarar[4] Sidan språket er utvikla frå fransk teiknspråk, kan dei som snakkar fransk teiknspråk ha godt håp om å gjere seg forstått blant teiknspråkbrukarar i Italia[5] og Sveits.[6]