Itinerarium er ei gammal romersk kartform eller reisehjelpar i form av ei liste byar, landsbyar og andre stoppestader med avstanden mellom dei oppgjevne. Seinare i mellomalderen blei dei brukte av pilegrimar for å vitja valfartsstader som Jerusalem.

Itinerarium frå ein av Vicarello-koppane.
Tabula Peutingeriana med Sør-Italia i midten.

Romarriket endre

Itinerarium kunne omfatta korte reiseruter eller vera eit oversyn over alle dei romerske vegane.

Romerske styresmakter fekk frå tid til anna laga eit fullstendig itinerarium over alle romarvegar. Julius Cæsar og Marcus Antonius fekk laga det første kjende oversynet i 44 f.Kr. Tre greske geografar, Zenodoxus, Theodotus og Polyclitus, fekk i oppdrag å måla avstander og laga eit slikt oversyn. Arbeidet tok over 25 år. Resultatet var ein stein gravert med det fullstendige itinerariumet som blei laga. Steinen blei sett opp nær Pantheon i Roma. Herfrå kunne reisande og itinerarium-seljarar laga kopiar.

Eit kjent døme på eit itinerarium er Tabula Peutingeriana, ein illustrert versjon frå 1200-talet som er avleidd frå eit kart laga under Marcus Vipsanius Agrippa. Det tek for seg vegane i Kontinental-Europa. Itinerarium Antonini Augusti blei laga under keisar Augustus, og inneheld også vegar og stader i Britannia. Itinerarium Alexandri frå 300-talet er ei liste over erobringane til Aleksander den store.

Eit døme på kopierte itinerarium er dei fire Vicarello-koppane (eller Cadiz-koppane), fire sølvkoppar som skildrar ruta frå Roma til Cadiz. Dei blei funne ved Bracciano i 1852.

Kristne itinerarium endre

Seinare i mellomalderen blei itinerarium skildringar av reiseruter til heilage stader, særleg Det heilage landet. Itinerarium Burdigalense frå 333 er eit gammalt overlevande døme på dette. Det skildrer vegen ein pilgrim tok frå Bordeaux til Jerusalem og tilbake, og nemner hendingar knytt til stadene han vitja. Eit anna itinerarium frå seint på same hundreåret, Itinerarium Egeriae[a], skildrar reisa til ei kvinne identifisert som Egeria, som heldt til i Jerusalem i tre år og vitja fleire viktige religiøse stader. Denne skildringa er meir detaljert enn tidlegare itinerarium, og fortel også om liturgien i tidleg kristendom.[1]

Seinare itinerarium kunne også ha kart og bilde.

Døme endre

Merknadar endre

  1. Også kjend som Peregrinatio Etheriae og Peregrinatio Silvi

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Itineraria». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913.