Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini

«Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» er ein amerikansk noveltysong skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Songen fortel historia som ei sjenert jente i bikini som held kroppen nedsenka i vatnet for å ikkje bli sett.

Brian Hyland with orchestra, leia av John Dixon, spelte inn songen. «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» blei gjeven ut på singelen Leader L-805 i juni 1960 og på Kapp K-342 i juli 1960. Produsentar var Don Kirschner og Al Nevins.[1] B-sida var «Don't Dilly Dally Sally».

Den kvinnelege røysta som seier «One, two, three, four» på innspelinga tilhøyrde Trudy Packer.[2]

Songen har også blitt spelt inn på tysk av Club Honolulu (Caterina Valente og broren Silvio Francesco) med tittelen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Honolulu Strand Bikini» (tysk tekst av Rudolf-Günter Loose), fransk og italiensk med Dalida og dessutan i mange versjonar på engelsk, mellom dei Lisa del Bo, ein nederlandsk artist.[3]

Svenske versjonar

endre

Karl Lennart skreiv ein svensk tekst. Den svenske tittelen er identisk med originaltittelen.

  • Britt Damberg spelte inn songen og gav han ut på EP-plata BFB BFB 1045 i 1960[4]
  • Lill-Babs spelte òg inn songen oggav han ut på singelen Karusell K 327 i 1960. B-sida var «När ska du bestämma dig, Britt-Mari?»[5]

Norske versjonar

endre

Arne Bendiksen, Gunnar Jørstad og Finn Evensen har skrive norske tekstar til «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini». Bendiksen sin norske versjon heiter «En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)». Jørstad sin versjon heter «Itsy-Bitsy-Tiny-Viny». Evensen sin versjon har tittelen «Vil du ha sjokolade?».

Innspelingar

endre
År Songtittel Albumtittel Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1960 «En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)»[6] Åre Bendiksen med Sigurd Jansens orkester Arne Bendiksen Single Triola TN-222
1973 «Itsy-Bitsy-Tiny-Viny» Kjell Vidars igjen... Kjell Vidars Gunnar Jørstad LP NETT 536
2005 «Vil du ha sjokolade?»[7] Sokkar i sandalar Bjølleklang Finn Evensen[8] CD Big Box Music BBRCD 012

«Vil du ha sjokolade?» kom òg ut på promotion CD-singlen Bjelle Records BJELLEPROMO 0103 i juni 2003.[9]

Listeplasseringar

endre
Artist Liste Høgaste plassering Veker på lista Dato for listeplassering
Brian Hyland   Norge VG-lista # 3 11 (# 3 i 1 veke) 1960
Brian Hyland   Storbritannia # 8 13 9. juli 1960
Brian Hyland   USA Billboard Hot 100-listen # 1 1960
Bombalurina   Norge VG-lista # 3 7 (# 3 i 2 uker) 1990

Hyland sin versjon nådde òg Topp 10 i andre land.

Kjelder

endre
  1. norwegiancharts.com – Brian Hyland – Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini
  2. Whitburn, Joel: The Billboard Book of Top 40 Hits. 8th Edition (Billboard Publishing), s. 297
  3. Norwegiancharts.com Bryan Hyland
  4. Popmusicinfo
  5. Lill Babs – Inspelningar
  6. Plateboksen - Arne Bendiksen - Diskografi - Singler[daud lenkje]
  7. Bjelleklang - Sokker i sandaler
  8. TONO
  9. Bjelleklang – Vil du ha sjokolade?