Sigurd Jansen
Sigurd Alf Jansen (fødd 4. mars 1932 er ein norsk pianist, toneskapar, musikkprodusent og -arrangør fødd i Horten. Han var aktiv jazzmusikar i Oslo frå 1950-åra. Frå 1960-talet etablerte han seg som ein leiande aktør i norsk underhaldningsmusikk, både som dirigent og produsent. Særleg framståande vart Jansen då han i 1972 fekk fast stilling i Norsk rikskringkasting. Elles hadde han ein rekke tillitsverv i musikklivet, formann 1972–99 i NOPA.
Jansen vart tildelt Spellemannprisen 1972 som arrangør.