Ivan Gašparovič (fødd 27. mars 1941 i Poltár i Banská Bystrica-provinsen) er ein slovakisk politikar som var president i Slovakia frå 15. juni 2004 til 15. juni 2014. Han representerer partiet Hnutie za demokraciu (Rørsla for demokrati), som han var med å stifta i 2002, etter å ha forlate tidlegare president Vladimír Mečiar sitt nasjonalistiske parti Hnutie za demokratické Slovensko (Rørsla for eit demokratisk Slovakia). Han vart vald med 59,9 % av røystene med Mečiar som motkandidat i andre runde av presidentvalet, etter å ha kome på andreplass i første runde med 22,3 % av røystene.

Ivan Gašparovič
Ivan Gašparovič.jpg
Fødd 27. mars 1941 (79 år)
Poltár
Yrke politikar, lærar, pedagog
Verv President i Slovakia
Periode 2004-2014
Føregangar Rudolf Schuster
Etterfylgjar Andrej Kiska
Ivan Gašparovič på Commons
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.