Ivan III av Russland

Ivan III Vasiljevitsj (22. januar 144027. oktober 1505) var storfyrste av Moskva frå 1462 til 1505. Han var ein dyktig og omsynslaus leiar av moskovitt-riket som ved diplomati og krig samla Russland og frigjorde landet frå mongolane sitt herredøme, samstundes tok han all makt innom riket i eigne hender.

Ivan III av Russland

Ivan III. Portrett frå 1600-talet
Fødd22. januar 1440
FødestadMoskva
Død27. oktober 1505
DødsstadMoskva
GravstadErkeengelkatedralen
Gift medMaria av Tver, Sophia Palaiologina
DynastiRurikslekten
FarVasilij II av Russland
MorMaria av Borovsk
BornIvan den unge, Vasilij III av Russland, Jurij Ivanovitsj, Andrej av Staritsa, Helena av Moskva, Dimitrij Ivanovitsj, Simeon, hertug av Kaluga, Inokinja Aleksandra, Yevdokiya Ivanovna, Theodosia Ioannovna

Storfyrsten endre

I åra etter han kom til makt kriga Ivan mot brørne sine for å gjere særrettane deira om inkje. Han gifta seg med Zoë Paleologos, ei brordotter til den siste keisaren i Bysants. Gjennom dette giftarmålet påstod han at Russland var «det tredje Roma». Det eigenlege Roma var i fylgje eit ortodokst perspektiv kome vekk frå den sanne tru, og det andre Roma, Bysants, kunne ikkje lenger verne sann kristendom etter muslimar i 1453 hadde erobra Konstantinopel.

Då storkhanen i Kaptsjak og khanane i Kazan og på Krim låg i strid med kvarandre, lukkast Ivan med hjelp frå khanen på Krim å frigjere seg frå storkhanen sitt herredøme. Seinare slo Ivan også khanen i Kazan og frigjorde dermed landet permanent frå den gylne horden. Gjennom andre krigar ekspanderte Russland også mot nord og vest, la mellom andre under seg Novgorod i 1478 og fyrstedømet Tver i 1485.

Ivan konsoliderte makta ved å gje den ortodokse kyrkja ei ideologisk og makt-politisk rolle. Når det kom til å innføre ulike ordningar, til dømes innsamling av skatt, nytta han tradisjonelle mongolske metodar. Med hjelp frå italienske arkitektar fornya Ivan handverk og kunst i riket sitt. Såleis vart Kreml i Moskva eit føredøme for andre russiske byar og samfunn.

Territoriet til Russland auka i Ivan si tid til det firedoble. Storfyrstedømet Moskva tok dermed steget over til å verte ei stormakt i Aust-Europa. Sonen Vasilij III vidareførte farens politikk.

Kjelder endre