Ortodoks kristendom

(Omdirigert frå Ortodoks)

Ortodoks kristendom er det vanlege samleomgrepet for dei tradisjonelle kristne kyrkjene som følgjer austlege tradisjonar – «austkyrkja» – og soleis har vore åtskilde frå «vestkyrkja» – den romersk-katolske kyrkja og dei protestantiske avleggjarane – i kring tusen år. Dei ortodokse kyrkjene reknar seg òg som katolske, med tydinga 'universelle'.

Det er vanleg å dela ortodoks kristendom i to grupper: a) Den austlege ortodokse kyrkja, der me til dømes finn den russiske og greske, og b) orientalske ortodokse kyrkjer, der somme er i kommunion med den romersk-katolske, og som mellom anna omfattar den koptiske og den syriske kyrkja. Det er gjerne den førstnemnde retninga me meiner når me snakkar om den ortodokse kyrkja.

Ortodoksi er òg bruka som nemning på ei strøyming innan den evangelisk-lutherske kyrkja med sterkt fokus på rett tru og lære. Denne ortodoksien var dominerande på 1600-talet.

Bakgrunn endre

Den ortodokse kyrkja, sett ifrå eigen ståstad, er Kyrkja som vernar om den opphavlege, apostoliske overleveringa (m.a.o. tradisjonen) frå Kristi tid fram til no. Det vil ikkje seia at kyrkja ikkje har utvikla seg, men at all utvikling skal ha hendt innanfor ramma av overleveringa og i tråd med ho. Den ortodokse kyrkja godtok, godtek enno og skal i prinsippet fylgja vedtektene som vart vedteke under dei 7 økumeniske kyrkjemøta frå før den store splittinga omkring året 1054 e.Kr. Det var då Kyrkja som heilskap vart delt i det som i dag er kjend som austkyrkja (den ortodokse) og vestkyrkja (den katolske, under Roma).

Splittinga har ei meir innvikla historie enn er mogeleg å oppteikna her, men eit nøkkelord her er «styreform». Prinsippet er slik: Dersom noko skulle koma med i kyrkjelovsboka (samling av alle vedtektene frå dei 7 økumeniske kyrkjemøta) måtte det bli godkjend av heile Kyrkja, dermed ordet økumenisk. Sett ifrå aust, gjekk patriarken i Roma sine eigne vegar og tok til å endra på overleveringa og kyrkjelovsboka utan godkjenning av eller rådslåing hjå dei andre patriarkane. Fleire gonger før splittinga vart patriarken av Roma refsa for desse innovasjonane og brott på dei opphavlege kyrkjereglene. Han valde heller å framheva sin eigen rett til dette på grunn av stillinga han si som den fyrste (primus). Men uttrykket var heller «den fyrste mellom likemenn». Den ortodokse lyrkja har ingen pave. Ingen biskop, erkebiskop eller patriark kan endra på regler eller tradisjonar på eiga hand. Dermed er det heller ikkje nokon av dei som er ufeilbarlege. På grunn av administrasjonsforma og konsensusprinsippet i endring av praksis i den ortodokse kyrkja har ho forholdsvis utvikla seg sakte. Dette ser dei fleste ortodokse på som styrkja i den ortodokse kyrkja.

Den ortodokse kyrkja i Noreg endre

For meir om dette emnet, sjå Den ortodokse kyrkja i Noreg .

I Noreg er det ortodokse kyrkjelydar både under Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel og Moskvas og heile Russlands patriarkat samd det serbiske patriarkatet og nokre andre. Det var i 2008 9 ortodokse prestar og ein diakon som budde fast i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre


Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer
Autokefaliske kyrkjer
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Alexandria | Antiokia | Jerusalem
Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia
Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* | Ukraina*
Autonome kyrkjer
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina*
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda.
  Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.