Ivar Bjørklund

norsk sosialantropolog og professor

Ivar Bjørklund (fødd 1949) er ein norsk sosialantropolog som er professor emeritus[1] i kulturvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet og forskar på interetniske relasjonar i Nord-Noreg.[2]

Ivar Bjørklund
Fødd1949
NasjonalitetNoreg
Yrkeforfattar, professor
BarnAmund Bjørklund

Virke

endre

Med Fjordfolket i Kvænangen (1985) fornya Bjørklund bygdeboksjangeren, og løfta utviklinga i ei sjøsamisk bygd i førre hundreåret opp til nasjonal historie. Som forskar har han halde fram problemstillinga frå denne viktige publikasjonen: Han har sett på ulike utviklingstrekk i dei samiske samfunna. Ofte har han tatt utgangspunkt i lokale problemstillingar eller hendingar og vist at dei har spelt ei viktig rolle nasjonalt, eller han bruker dei for å kaste lys over meir generelle problemstillingar. Eit døme er Bjørklund 2011, som analyserer dei ulike etnopolitiske og økonomiske vegvala som vart tatt i tiåra etter andre verdskrigen, med den såkalla Påskeresolusjonen i Karasjok som utgangspunkt.

I 2019 var han medredaktør og medforfattar i tobindsverket Erindringer – samiske beretninger om bakgrunnen til Kautokeino-opprøret, etikk og moral, som på samisk vart gitt ut som Muitalusat.

Bibliografi (utval)

endre
  • Bjørklund, Ivar 1985: Fjordfolket i Kvænangen. Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550-1980. Universitetsforlaget. 455 s.[3]
  • Bjørklund, Ivar 2011: «Påskeresolusjonen i 1960 – Karasjoks etnopolitiske oppgjør.» Heimen - Lokal og regional historie Volum 48.(3) s. 195-206.

Kjelder

endre
  1. Svendsen, Njord V. (23. august 2021), «Fryktar styreleiars rolle i kinesisk-eigd gruveselskap kan skade universitetet», khrono.no (på norsk bokmål), henta 24. februar 2023 
  2. «Medlemmer_en | UiT», uit.no (på norsk bokmål), henta 24. februar 2023 
  3. Fjordfolket i Kvænangen. no: Universitetsforlaget. 1985. ISBN 8200073203. 

Bakgrunnsstoff

endre