Ivar K. Hognestad

Ivar Kristiansson Hognestad (16. oktober 188830. april 1973) var ein gardbrukar og Arbeidarparti-politikar frå Time, stortingsrepresentant 1934-57.

Ivar K. Hognestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. oktober 1888
Død

30. april 1973 (84 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Liv og gjerning endre

Hognestad gjekk åra 1908-10 landbruksskulen på Tveit i Nedstrand. Han dreiv farsgarden 1917-1954, og dyrka han mykje opp og var dessutan ein dei fyrste i distriktet som tok til med kulturbeite. Åra 1927-36 var han landbruksansvarleg i stavangeravisa 1ste Mai, og skreiv elles mange artiklar i ymse aviser og tidsskrift. I 1933 gav han ut boka Jorden og bøndene.

Hognestad var medlem av heradsstyret i Time i periodane 1919–22, 1928–40 og 1947–52. Han var styreformann i den lokale trygdekassa og i overlikningsnemnda.

Frå 1930 til 1957 var Hognestad medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet. Ved stortingsvalet hausten 1933 vart han vald til stortingsrepresentant for Rogaland fylke og Arbeidarpartiet. Gjennom fleire attval vart han sitjande på Stortinget til 1957. Etter 2. verdskrigen var han sekretær i Finanskomiteen frå 1945 til -52 og formann i same komite i 1953-sesjonen. Den siste fireårsperioden på Tinget leia han Landbrukskomiteen. Han var då, i 1954, saksordførar for framlegget til «Lov om tilskiping av jordbruk». Også leiar 1945-49 av fråhaldsgruppa på Stortinget.

Kjelder endre