Ivar Norevik
Ivar Jakobsson Norevik (26. mars 1900–18. mars 1956) var ein norsk industriarbeidar og stortingsrepresentant frå dåverande Lavik herad i Sogn, og som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til han døydde.
Ivar Norevik | |||
Fødd | 26. mars 1900 | ||
---|---|---|---|
Død | 18. mars 1956 (55 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Norevik var son til ein gardbrukar. Sjølv var han industriarbeider ved smelteverket Norsk Aluminium Co. i Høyanger frå 1918 til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945. Frå 1920-åra engasjerte han seg i fagrørsla og for Arbeidarpartiet og fekk fleire tillitsverv. Han var i si tid med i hovustyret for Norsk Kjemisk.
Norevik vart vald frå valkrinsen Sogn og Fjordane i 1945 og attvald ved dei neste to stortingsvala. Valbolken 1945-49 var han medlem i Helsekomiteen. Frå 1950 hadde han plass i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.
Då Norevik døydde i mars 1956, rykte Edvard Solheim inn på Stortinget.