Ivar Strompdal

Norsk forfattar og lærar

Ivar Kristoffer Strompdal (1. juni 18864. september 1953) var ein norsk lærar og forfattar frå Velfjord i Nordland. Knut Strompdal var bror hans.

Ivar Strompdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1886
Død

4. september 1953 (67 år)

Strompdal voks opp på ein veglaus, einbølt gard. Han utdanna seg til lærar i Tromsø, tok eksamen i 1908 og var skolelærar i Velfjord fram til 1922. Åra 1922-27 arbeidde han i Orkdal i Sør-Trøndelag. Sidan var han folkeskolelærar i Vefsn fram til han døydde i 1953, busett i Mosjøen.

Strompdal gav i 1933 ut ungdomsboka Arven, ei forteljing på 80 sider der hovudfigurane er to halvvaksne gutungar som veks opp i eit miljø som minner mykje om forfattarens eigen bakgrunn. Boka kom ut i nytt opplag på Norsk Barneblads Forlag i 1945, med framsideillustrasjon av Jens R. Nilssen. Strompdal skreiv fleire ungdomsbøker; Karisonen (1935), Stein og Ståle (1943), Tyssedalsborna (1945) og Skatten i Lomsdal (1948).

Forfattarskap endre

  • 1933: Arven – Norsk Barneblads forlag, Oslo. 83 sider. (nytt opplag 1945)
  • 1935: Karisonen
  • 1943: Stein og Ståle
  • 1945: Tyssedalsborna
  • 1948: Skatten i Lomsdal

Kjelder endre