Norsk Barneblads Forlag

Norsk Barneblads Forlag er eit blad- og bokforlag.

Forlaget vart skipa av redaktøren og utgjevaren av Norsk Barneblad, Andreas Haavoll. Frå 1919 til 1988 gav det ut i kring 225 barnebøker på nynorsk. Forlaget står bak juleheftet Joletre/Juletre og teikneseriehefta Smørbukk og Tuss og Troll.

«Fram til andre verdskrigen var det klar overvekt av omsette bøker»[1]. Her var namn som Mark Twain, Edward S. Ellis og Jules Verne. I tiåra etter 1945 kom fleire norske forfattarar med; Knut Gjengedal, Bjørn Rongen, Johannes Heggland, Arvid Hanssen, Ingunn Elstad og Lillian Eltvik Dyrnes, for å nemne nokre.

Notar endre

  1. Ikkje berre blad, artikkel i Norsk Tidend nr 1 2012