Opna hovudmenyen

Ivica Olić

kroatisk fotballspelar

Ivica Olić (fødd 14. september 1979 i Davor i Brod-Posavina-provinsen i Kroatia) er ein kroatisk fotballspelar som har spelarfor Wolfsburg i tysk Bundesliga og for det kroatiske fotballandslaget.

Ivica Olić
Ivica Olić during game v England.jpg
Personleg informasjon
Fødd 14. september 1979
Fødestad Davor
Høgd 182 cm
Posisjon Spiss, ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 11
Ungdomsklubbar
Kroatia Posavac Davor
Kroatia Marsonia
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-98
1998-2000
2000-01
2001-02
2002-03
2003-07
2007-09
2009-
Kroatia Marsonia
Tyskland Hertha Berlin
Kroatia Marsonia
Kroatia NK Zagreb
Kroatia Dinamo Zagreb
Flag of Russia.svg CSKA Moskva
Tyskland Hamburg
Tyskland Bayern München
42 (17)
2 (0)
42 (21)
29 (21)
27 (16)
78 (35)
78 (29)
29 (11)
Landslag
2000-01
2002-
Kroatia Kroatia U21
Kroatia Kroatia
6 (2)
70 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. september 2010

Olić har vorte seriemeister seks gonger med fire klubbar i tre land: I Kroatia med NK Zagreb i 2002 og Dinamo Zagreb i 2003, i Russland med CSKA Moskva i 2003, 2005 og 2006 og i Tyskland med Bayern München i 2010. Han vart kåra til årets kroatiske spelar i 2009. I 2007/08-sesongen var han Hamburg sin toppskårar i Bundesliga med 14 seriemål, og i 2013/14-sesongen var han Wolfsburg sin toppskårar i serien.

Olić debuterte for Kroatia sitt A-landslag i 2002 og var med i Kroatia sin tropp til fotball-VM same året, der han spelte to kampar og skåra eitt mål, mot Italia. Han var òg med i fotball-EM i 2004, der han spelte tre kampar, i fotball-VM i 2006 der han spelte to kampar og i fotball-EM i 2008 der han spelte tre kampar og skåra eitt mål, mot Tyskland.