Ivo Sanader

kroatisk politikar

Ivo Sanader, tidlegare Ivica Sanader,[1] (fødd 8. juni 1953 i Split) er ein kroatisk politikar, og statsminister i Kroatia frå 23. desember 2003 til 6. juli 2009. Han leia høgrepartiet Hrvatska demokratska zajednica (HDZ), (Den kroatiske demokratiske unionen) frå 2002. HDZ er partiet til den nasjonalistiske presidenten i Kroatia på 1990-talet, Franjo Tudjman. Sanader freista å distansera seg sjølv og partiet frå den nasjonalistiske fortida og gjera partiet til eit moderne europeisk høgreparti. Ved parlamentsvalet 23. november 2003 vart HDZ det største partiet med 33,9 % av røystene, og Sanader skipa regjering.

Ivo Sanader

Fødd8. juni 1953 (70 år)
Split
Statsborgar avKroatia
Partiingen
Yrkepolitikar, journalist
Utdanna vedUniversität Innsbruck
EktefelleMirjana Sanader
BarnPetra Sanader
VervStatsminister i Kroatia 2003-2009
FøregangarIvica Račan
EtterfylgjarJadranka Kosor
Alle verv
  • Kroatias statsminister (2003–2009)
  • medlem av Kroatias parlament (2010–2011)
  • Kroatias president (1995–1996)
  • Minister of Science and Education (1992–1993) Sjå dette på Wikidata

20. november 2012 blei han dømd til ti års fengsel for korrupsjon i løpet av tida si som statsminister av ein domstol i Zagreb.[2][3]

Kjelder endre

  1. Prime Minister Earned His Doctoral Degree as Ivica, arkivert frå originalen 22. juli 2018, henta 30. mai 2008 
  2. Kroatiens Ex-Regierungschef muss zehn Jahre in Haft Die Welt nettutgave, besøkt 20. november 2012
  3. Croatia jails ex-PM Ivo Sanader for taking bribes The Guardian nettutgave besøkt 20. november 2012
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.