Opna hovudmenyen

Ján Čapkovič (fødd 1. november 1948) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Bratislava som i 1969 var med om å vinne cupvinnarcupen i fotball med Slovan Bratislava. Angrepsspelaren deltok i 20 landskampar for Tsjekkoslovakia. Også tvillingbroren Jozef Čapkovič spelte landskampar for Tsjekkoslovakia.

Ján Čapkovič
Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 11. januar 1948
Bratislava
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

KlubbspelEndra

Ján Čapkovič spelte på Slovan Bratislava frå 1967 til -77. Laget vann den tsjekkoslovakiske cupen i 1968 og tok seg sesongen etter heilt til finalen i den europeiske cupvinnarcupen. På St. Jakob-stadion i Basel den 21. mai 1969 skåra Čapkovič lagets tredje mål då Slovan vann 3-2 mot FC Barcelona i ein underhaldande kamp. Dei komande åra frå 1970 til 1975 sanka Čapkovič og Slovan Bratislava fire tsjekkoslovakiske meistertitlar og triumferte i tre slovakiske cupturneringar. Tida 1977-83 var Čapkovič aktiv på ČH Bratislava.

LandslagsspelEndra

Čapkovič spelte 20 landskampar i åra frå 1968 til 1974, skåra seks mål. I oktober 1968 var han med i det mannskapet Tsjekkoslovakia brukte under Sommar-OL 1968 i Mexico. Han deltok i den siste VM-kampen til Tsjekkoslovakia i VM i fotball 1970.

MerittarEndra

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1969 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1970, 1974, 1975 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupmeister: 1968 og 1974 med Slovan Bratislava
  • Slovakisk cupmeister: 1970, 1972, 1974 med Slovan Bratislava

KjelderEndra