Jánoš Trosten

norsk politikar

Jánoš Trosten (fødd 23. februar 1963) er ein norsk samisk politikar. Han var leiar av Norske Samers Riksforbund frå 1998 til 2001 og var sametingsrepresentant i periodane 2001-2005 og 2005-2009. Han vart vald inn frå ei samlingsliste av Norske Samers Riksforbund og Samisk folkeparti frå Tana valkrins, men vart usamd med NSR og gjekk ut og danna sitt eige parti, kalla Čielga sámi jietna (Klår samisk røyst).[1]

Jánoš Trosten
Fødd23. februar 1963 (57 år)
Nesseby
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar

I sametingsvalet i 2009 stilte han til val for partiet Ofelaš (Vegvisaren) i Austre valkrins[2], men han vart ikkje innvald.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.