Nesseby kommune
kommune i Finnmark
Nesseby (nordsamisk Unjárgga gielda, finsk Uuniemen kunta) er ein kommune i Aust-Finnmark i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i nord og vest til Tana kommune, og i aust mot Vadsø og Sør-Varanger kommune. Nesseby har ei kort grense mot Finland i sør. Bygder her er mellom anna Varangerbotn og Nesseby.
Nesseby kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Varangerbotn | ||
Areal | 1 436 km² | ||
- land | 1 369 km² | ||
- vatn | 67 km² | ||
Folketal | 864 (1. januar 2023) | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Knut Inge Store (Ap) | ||
Kommunenr. | 5442 | ||
![]() Nesseby | |||
Wikimedia Commons: Nesseby | |||
Nettstad: www.nesseby.kommune.no | |||

Foto: Margrethe Store
Folketalsutvikling Endra
Nesseby har vore den minste kommunen i Finnmark i folketal, etter at Polmak vart slått saman med Tana i 1964.
Folketalsutvikling for Nesseby kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1170 | 1321 | 1457 | 1512 | 1364 | 1193 | 1087 | 1056 | 963 | 884 |
Folk frå Nesseby Endra
- Andreas Nordvi (1821–1892), kjøpmann og arkeolog (Mortensnes)
- Isak Saba (1875-1921), politikar (Ap), første same på Stortinget
- Anathon Aall (1867-1943), professor i filosofi, grunnleggjar av Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo
- Finn Lützow-Holm (1890-1950), marineoffiser og pionerflygar
- Raimo Valle (f. 1965), politikar, statssekretær (Ap) 2007-2012
- Gunn-Britt Retter (f. 1971), politikar (NSR)
- Silje Karine Muotka (f. 1975), Sametingsråd for Norske Samers Riksforbund (NSR)
- Kirsti Bergstø (f. 1981), stortingsrepresentant (SV) 2013-2017, nestleiar i SV frå 2017
- Hege Siri (f. 1973), forfattar og kunstfotograf
- Agnete Johnsen, Emelie Nilsen, Viktoria Eriksen og Alexander Touryguin, musikarar i gruppa «The BlackSheeps».