Järlasjön
Järlasjön er ein innsjø som ligg hovudsakleg i Nacka kommun, men med ein del i Stockholm kommun, i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen har namnet etter Järla gard, som er omtalt første gongen i 1426.
Järlasjön | |||
innsjø | |||
Järlasjön ved boområdet Järla sjö.
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Nacka ström | ||
Utløp | Sickla kanal via Sicklasjön | ||
Nedslagsfelt | 21 km² | ||
Høgd over havet | 4.7 moh. | ||
Lengd | ~5 km | ||
Areal | 0,73 km² | ||
Middeldjupn | 9,4–22 m | ||
Volum | 8,03 millionar m³ | ||
Järlasjön 59°18′N 18°09′E / 59.3°N 18.15°E | |||
Wikimedia Commons: Järlasjön |
Innsjøen består av fire basseng fråskilde av tronge sund. Den austlege delen av innsjøen, aust for Saltsjöbadsleden, vert kalla Kolbottensjön, og har samband med den øvrige delen av innsjøen gjennom ein ståltrommel som går under vegen. Ståltrommelen går an å passere med kano. Bassenget mellom Saltsjöbadsleden og Kranglan vert kalla Övre Järlasjön. Det største og djupaste bassenget ligg mellom Kranglan og Nackanäs, der innsjøen er 22 meter djup, like utanfor buområdet Järla sjö. Den vestlege delen av innsjøen, vest for Nackanäs, vert kalla Sicklasjön. Innsjøen er ca. 5 km lang.
Innsjøen ligg 4,7 meter over havet, og utløpet går via Sickla sluss og Sickla kanal til Hammarby sjö. Tilløp kjem via Nacka Ström frå Dammtorpssjön. Inntil Hammarby sjö vart senka på 1920-talet, låg denne på nivå med Järlasjön, såg innsjøane eigenleg var same innsjø den gongen. Innsjøen var offisielt ein vassveg fram til 1977.
I innsjøen er det ein beverbestand, med tre beverhytter, og dessutan utsette signalkreps.
Einskilde av breiddene av Järlasjön er ein av fleire mogelege stader der slaget ved Brännkyrka kan ha funne stad i mellomalderen.
Bilete
endre-
Kolbottensjön, mot vest.
-
Øvre Järlasjön.