Jærhøns er den einaste attlevande norske landrasen av høns. Rasen stammar frå Jæren, og vart redda frå utrydding ein gong på starten av 1900-talet. Jærhøns er i dag bevart ved Genbanken for fjørfe ved Hvam Vidaregående Skule, og er i tillegg ein populær hobbyrase.

Jærhøne
Jærhane og høner.

Kjenneteikn ved jærhøns endre

Jærhøns høyrer til dei lette hønserasane. Hanen veg omtrent 2 kg og høna veg omtrent 1,75 kg. Fjørdrakten finst i to variantar: Mørke Jærhøns (MJ) og Ljose Jærhøns (LJ). Begge variantane har ljosebrune fjør rundt hals og hovud, med mørk skifergrå stripa eller spragla fjørdrakt på rygg, bryst, venger og halefjør. Forskjellen er at MJ er stripa skifergrå og mørkegrå på dunet på bak-/undersida av kroppen, medan LJ har ljosebrun dun på denne staden. Hanane er hovudsakleg kvite i fjørdrakten i begge variantar, med noko brunt på ryggen hjå hanar av MJ.

Skalfarga på egga er kvit hjå LJ, og kremfarga hjå MJ. Egga veg om lag 55 gram (lågare eggvekt for unge høns; høgare for eldre høns) - altso relativt store egg i førhald til kroppsvekten. Jærhøns har kjønnsvisande tjukklingar som dagsgamle og dei byrjar å verpe ved om lag 5 månaders alder, og verpar rundt 160 egg i året.

Åtferd og instinktar endre

Jærhøns er ei kvikk og årvaken rase. Dei er ofte nervøse rundt menneske, og det er vanskeleg å få dei handtamme (i motsetnad til dverghøns og mellomtunge rasar). Jærhøns er svært ivrig fôrsøkjande, og i sumarhalvåret kan dei finne mesteparten av sin eigen føde sjølv. Dei verpar imidlertid mykje betre om dei får tilskot av heilkorn, f eks havre og kveite, eventuelt havre og bygg. I vinterhalvåret bør dei få kraftfôr med vitamin og mineraltilskot.

Instinktet for ruging er heilt bortfalt i dagens jærhøns; det vart sannsynleg avla bort ein gong i fyrste halvdel av 1900-talet.

Likt andre lette hønserasar er jærhøns flinke til å fly. Jærhøns tek seg lett opp på vaglar to meter over bakken. Ei skremt høne kan ta 10 til 20 meters horisontal flukt. Det er med andre ord ein kostbar rase å gjerde inn, samanlikna med til dømes dverghøns eller mellomtunge rasar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jærhøns