Opna hovudmenyen
Illustrasjon av ulike jærteikn frå Nürnbergkrøniken (1493)

Jærteikn er eit anna ord for varsel eller teikn, eit såkalt førebod (islandsk: Fyrirboði) eller järtecken på svensk.[1] I allmenn forstand, er fenomenet som oftast tolka som eit illevarslande, negativt eller skjebnesvangert varsel. Men, ordet vert paradoksalt nok vurdert å koma frå 'jarknteign', frå gotisk airkns: 'ærke', 'ekte'.[1] Med andre ord kan «jærteikn» òg brukast om teikn (fortrinnsvis i naturen) der overeinsstemming mellom signifikant og signifikat ikkje er vilkårleg, eller tilfeldig.

I moderne tolkingslære, semiologi og semiotikk, i arven etter Ferdinand de Saussure, grunnleggar av fagdisiplinen semiotikk, vert det som regel slege fast at jærteikn ikkje finst i røynda, og at tilhøvet mellom signifikant og signifikat avheng av sosiale kontraktar. Trua på jærtegn er eit kjenneteikn på ei magisk røyndomsoppfatning.

I gamal tid kunne jærteikn òg vere eit slags legitimasjonsteikn, til dømes noko ein person fekk med seg for å vise at han var den han gav seg ut for å vere, og hadde det oppdrag han påstod å ha.[2]

Døme på jærtegn forbundet med overtruEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «järtecken», Svensk etymologisk ordbok (på svensk) (runeberg.org), s. 286, 1922, henta 1. november 2018 
  2. «jærtegn». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.