Jóanes Sekjær Nielsen (fødd 5. april 1953 i Tórshavn) er ein færøysk forfattar. Han voks opp i Tórshavn, og budde også ei tid i Tvøroyri, og har forutan forfattar også vore sjømann og bygningsarbeidar. Nielsen er sjølverklært kommunist, færøysk nasjonalist, og har markert seg som samfunnskritisk.[1][2] Han har skrive både noveller, skodespel, diktsamlingar og romanar. Mange av Nielsen sine utgjevingar er omsett til dansk og norsk, til sistnemnde av Lars Moa.

Jóanes Nielsen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 5. april 1953 (71 år)
Tórshavn
Yrke lyrikar, romanforfattar, skribent, skodespelforfattar

I 1984 mottok han M.A. Jacobsens Heiðursløn for Pinnabrenni til sosialismuna, og i 2002 mottok han Nordisk dramatikerpris for Eitur nakað land week-end?. Han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå Færøyane seks gonger, i 1988, 1994, 1999, 2004, 2012 og 2018.

Kjelder

endre
Fotnotar