Opna hovudmenyen
Jólnir

Jólnir var ei tidlegare vulkanøy sør for Island. Ho voks opp av havet på grunn av tektonisk aktivitet i juli 1966. Havet slo laus på øya og ho forsvann fleire gongar under overflata for å kome opp att igjen på seinare tidspunkt.

Ho vart kalla opp etter Jólnir, ein norrøn gud (vanlegvis identifisert som eit anna namn på Odin).

Danninga av Jolnir er nært forbunden til naboøya Surtsey, som kom opp av havet i 1963. Vulkanutbrot oppstod i det omliggande havområdet, men dei nye landområda som vart danna vart raskt erodert bort av bølgjene. I 1966 braut Jólnir overflata og endring i samansettinga til materialet som kom opp forma hardare stein som stod imot erosjonen. Vulkankjegla nådde ei høgd på 70 meter over havet, men òg denne landmassen måtte til slutt gje tapt for havbølgjene.

Etter at aktiviteten tok slutt 8. august 1966 forsvann øya raskt og forsvann i havet igjen i oktober 1966.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra