Jøfjorden
fjord i Hammerfest i Finnmark
Jøfjorden (samisk Stuoravuotna ) er ein fjord på øya Seiland i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Straumen (samisk Stovma) i botn av fjorden.
Jøfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hammerfest | ||
Jøfjorden 70°31′44″N 23°14′37″E / 70.52878889°N 23.24363694°E |
Fjorden har innløp mellom Kobbevikneset i vest og Søre Veggenes i aust. På austsida av fjorden i den ytre delen ligg den om lag 500 meter høge Jøfjordveggen på austsida. Ved Gammelværneset i sørenden av Jøfjordveggen går fjordarmen Tverrfjorden austover til grenda Tverrfjord. Straumsnes ligg nesten heilt inst i fjorden og dannar eit smalt sund på austsida av fjorden. Innanfor Straumsnes vert fjorden kalla Straumen. Fjorden er 233 meter på det djupaste, midt i fjorden vest for Gammelværneset. 70°31′43.640″N 23°14′37.093″E / 70.52878889°N 23.24363694°E