Jørgen Henrik Rawert

Jørgen Henrik Rawert (fødd 16. august 1751 i Christiania, død 14. juli 1823 i København) var ein norsk-dansk ingeniøroffiser, stadskonduktør i København, arkitekt og professor. Han var utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi under Caspar Frederik Harsdorff.

Jørgen Henrik Rawert

Statsborgarskap Noreg, Kongeriket Danmark
Fødd 16. august 1751
Christiania
Død

14. juli 1823 (71 år)
København

Yrke arkitekt, stadskonduktør, kartograf
Jørgen Henrik Rawert på Commons

I Danmark stod han bak ei omfattande regulering og planlegging av København etter bybrannen i 1795.

I Noreg er Rawert særleg kjent for medverkninga ved Fredriksvern, ein teatersal for Det dramatiske Selskab i Christiania, Christianskyrkja i Skien og Ulefos Hovudgard.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre