Jørgen Johannes Havig
Jørgen Johannes Havig (31. juli 1808–19. januar 1883) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vemundvik i Nord-Trøndelag.
Jørgen Johannes Havig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. juli 1808 Vemundvik kommune |
Død |
19. januar 1883 (74 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Havig var son til ein lensmann. Sjølv var han lensmann i Namsos og Fosnes frå han var 18 år gammal. Gjennom 52 år, 1826-78, handheva han lensmannsombodet. Jamsides var han gardbrukar på farsgarden Havik. Han var òg medlem 1838-73 i heradsstyret, og periodane 1856-62 og 1862-75 var han forlikskommissær i høvesvis Overhalla og Namsos. Frå 1842 var han sjef for den nyoppretta sparebanken.
Havig møtte på stortinga 1839 og 1845 som representant frå Nordre Trondhjems amt. Fyrste gongen var han medlem i Protokollkomiteen og i Komiteen om stempellova, medan han i 1845 var sekretær i Protokollkomiteen. Til stortinget 1842 var han 2. varamann, medan han var fyrste varamann til stortinget 1848.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914