Overhalla kommune

kommune i Trøndelag
(Omdirigert frå Overhalla)

Overhalla er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar i nord mot Fosnes og Høylandet, i aust mot Grong, i sør mot Snåsa og Steinkjer og i vest mot Namsos. Administrasjonssenter er Ranemsletta. Laksefiskeelva Namsen og sideelva Bjøra, der kong Harald fiskar laks, renn gjennom Overhalla. Kommunevåpenet er på gylden botn med sju raude, utsvinga kross i ring, og våpenet er avleia av eit stempel som bøndene i Efri Halfua prega eit pergament med i samband med hyllinga av Håkon VI Magnusson i 1344. I kommunen ligg to kyrkjer, Ranem og Skage.

Overhalla kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Ranemsletta
Areal 730 km²
 •  land 699 km²
 •  vatn 31 km²
Folketal 3 924  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Hege Kristin Kværnø Saugen (Sp)
Kommunenr. 5047
Kart
Overhalla
64°30′28″N 11°53′38″E / 64.507777777778°N 11.893888888889°E / 64.507777777778; 11.893888888889
Kart som viser Overhalla kommune.
Kart som viser Overhalla kommune.
Kart som viser Overhalla kommune.
Wikimedia Commons: Overhalla
Nettstad: www.overhalla.kommune.no

Historie

endre

Det er gjort funn frå steinaldertida i det som i dag er Overhalla, mellom anna i form av skiferknivar. 800 gravhaugar er registrerte i Overhalla,[1] og 500 av desse er storhaugar. Dei mest kjende av desse ligg på Bertnem, der det i Merovingartida var eit namdalsk sete for høvdingar av Ynglingeætta. Det er gjort funn av hustufter i nærleiken av Bertnemshaugane, dei eldste av desse langhusa på 40 gonger 8 meter frå år 150-200 e.Kr.[2]

Ved rikssamlinga kring tusentalet vart området som i dag vert kalla Namdalen delt opp i to syssel: Nidri og Efri Halfua, nedre og øvre halvdel. Dette vart òg prestegjeld, med kvar seg Nærøy og Ranum som senter. Efri halfua vart etterkvart brukt både i geistleg og verdsleg administrasjon. Det geografiske området som bar namnet skrumpa derimot stadig inn, til det vart avgrensa for bygda kring Ranem kyrkje. I 1917 vart namnet fastsett til Overhalla ved kongeleg resolusjon.[3] Namnet «Dalen» skal likevel ha vore eit eldre namn for ein del av det området som i dag utgjer Overhalla. Ein møter dette namnet i skriftlege kjelder på 1500-talet, mellom anna i Gaandske Nommedalls leens beskriffuelse aar 1597, der det blir tala om «Offuer halltz gield, eller Dallen».[4]

Allereie i sagaene møter ein overhallningar. Landnåmsmannen Torstein Kvite på Island skal nemleg ha vore frå Overhalla, rettare sagt Almdolum.[5] I Ågrip møter ein dessutan soga om Igda, ei dronning frå ein kongsgard på Øvre Veglo, som drukna seg i ein bekk her.[6] Elles er den første skriftlege kjelda der Overhalla blir nemnd eit mellomalderdiplom frå 5. april 1309, gjeldande eit hæroppbod mot Jemtland frå «æfra haulfu j Naumadale».[7]

På Melen under Hallvardmo ved Namsen har det truleg vore marknad langt tilbake i tid. Sikre prov finst ikkje før frå 1600-talet.[8] Her vart det halde marknad i oktober, der det vart byta ulike landbruks- og tekstilvarer, fisk og tran. Hit kom bønder frå indre og yttre Namdalen i den namdalske båten lafar stakande på Namsen. I 2008 og 2010 vart det arrangert martna på nytt her, for å minnast den gamle marknaden.

Kyrkja i Overhalla er bygd i 1187. Bygget er i romansk stil, og byggematerialet er gråsteinmarmorsokkel, medan taket og tårnet er av tre. Klenodiet i kyrkja er altertavla frå 1678, som òg var det einaste ein klarte å redda ut då kyrkja brann i 1899.[9]

Kjende personar frå Overhalla

endre

Fotnotar

endre
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. april 2012, henta 10. desember 2010 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. november 2013, henta 10. desember 2010 
  3. Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1968), 41-43.
  4. Jørn Sandnes, Namdalens historie: til år 1600 (Namsos: O. Hojems trykkeri, 1965), 37.
  5. Gunnar Groven, Overhalla Bydebok V, 60.
  6. Jørn Sandnes, Namdalens historie, 185.
  7. Diplomatarium Norvegicum, bd. 1, red. av Chr.C.A. Lange og Carl R. Unger (Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel, 1847), 108.
  8. Jørn Sandnes, Namdalens historie, 335.
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. november 2013, henta 10. desember 2010 

Bakgrunnsstoff

endre