Jørgen Knudsen

norsk politikar

Jørgen Christian Knudsen (5. desember 184328. desember 1922) var ein skipsreiar, fabrikkeigar og politikar frå Høgre. Statsminister Gunnar Knudsen var bror hans.

Jørgen Knudsen
Fødd5. desember 1843
Arendal
Død28. desember 1922 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, reiar
FarChristen Knudsen
BarnChristen Knudsen, Finn C. Knudsen
Alle verv

Knudsen var fødd ved Arendal, far hans var skipsreiar. I yngre år var han tre år i England og Frankrike. Saman med broren Gunnar overtok hans så skipsreiarforretninga og skipsbyggeri etter faren. Då firmaet vart oppløyst i 1889, dreiv han vidare på eiga hand som skipsreiar og fabrikkeigar.

Mange år medlem av Porsgrunn bystyre, i fleire år ordførar.

Knudsen var stortingsrepresentant for Porsgrunn i periodane 1880-88, 1892-1900 og 1903-06. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1896. Han var medlem av justiskomiteen 1880-85 og næringskomite nr 2 1886-88. Perioden 1892-95 og 1897 var han medlem av justiskomiteen. Medlem av militærkomiteen 1898-1900, og valkomiteen og fullmaktskomiteen 1898-1903. Formann i jarnbanekomiteen 1903-06 og i arbeidsløysekomiteen 1904, president i Odelstinget 1906. Han var medlem av kroningsdeputasjonen 1906.

Knudsen døydde 1922 i Porsgrunn.

Kjelder endre