Gunnar Knudsen
Gunnar Knudsen, fullt namn Aanon Gunerius Knudsen (19. september 1848–1. desember 1928) var ein norsk statsminister, skipsreiar, ingeniør og industribyggjar.
Gunnar Knudsen | |||
| |||
Fødd | 19. september 1848 Arendal | ||
---|---|---|---|
Død | 1. desember 1928 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, ingeniør | ||
Far | Christen Knudsen | ||
Barn | Margit Schiøtt | ||
Alle verv |
|
Knudsen vart fødd i Saltrød ved Arendal. Han tok artium i 1866, vart c. philos. i 1867 og ingeniør i 1869 ved Chalmerska Institutet i Göteborg. Knudsen utdanna seg i Kristiania (Oslo) og Sunderland 1870–71. Han var skipsreiar frå 1871, og dreiv omfattande fabrikkdrift frå 1887. Knudsen overtok godset Borgestad i 1882.
I 1891 vart Knudsen, som var venstremann, vald inn til Stortinget. I 1901 vart han minister i den svensk-norske regjeringa. Han var statsminister i to omgangar. Fyrste regjeringsperioden var frå 1908 til -10, andre regjeringsperioden var frå 1913 til -20.
Som politikar gjorde han framlegg om at staten skulle kjøpe inn fossar. Han var sentral i debatten om konsesjonslovene, og ved opprettinga av Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen NVE. I 1885 byrja Laugstol Bruk sitt elektrisitetsverk i Skien å levere straum til abonnentar. Den seinare statsministeren Gunnar Knudsen var initiativtakar til det fyrste elektrisitetsverket i Noreg. Som elektrisitetsverk vert rekna kraftverk som ikkje berre produserer straum til eige bruk, men som sel elektrisitet til abonnentar. Laugstol Bruk var eit vasskraftverk som utnytta høgdeskilnaden mellom nokre vatn i Skien. Føremålet med elektrisitetsverket var i utgangspunktet å skaffa betre og mindre brannfarleg lys i bedrifta.
Knudsen var partileiar i Venstre frå 1909 til 1927.
Sjå òg
endreLitteratur:
endre- Fuglum, Per: Én skute - én skipper: Gunnar Knudsen som statsminister 1908-10 og 1913-20, Trondheim 1989.
- Knudsen, Gunnar:Erindringer 1905-1925 /; bearbeidet og redigert av Harald Bache Bystrøm, Porsgrunn 1998.
- Knudsen, Gunnar: Statsminister Gunnar Knudsens foredrag om koncessionslovene: i Kristiania handelsstands forening., Kristiania 1910.
- Laugstol bruks elektrisitetsværk 1885-1910, 1910.
- Nissen, Bernt A: Gunnar Knudsen, Oslo 1957.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Gunnar Knudsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv