Jørgen Stubberud

Jørgen Stubberud (fødd 17. eller 19. april 1883 i Oppegård, død 12. februar 1980) var ein norsk polfarar og deltok på ekspedisjonen til Roald Amundsen til Sørpolen mellom 1910 og 1912.

Jørgen Stubberud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1883
Oppegård
Død

12. februar 1980 (96 år)
Oslo

Yrke oppdagar, tollar
Jørgen Stubberud på Commons
Stubberud vart tildelt Sydpolsmedaljen

Stubberud trefte Amundsen første gong heime hos Amundsen i Svartskog i 1909 i samband med at Stubberud skulle utføre reparasjonar på nokre gamle hus. På grunn av den gode jobben som Stubberud utførte, spurte Amundsen om han kunne bygge hytta som skulle nyttast i Antarktis og som seinare fekk namnet Framheim. Hytta vart bygt i hagen til Amundsen for så å bli sett opp i Hvalbukta då ekspedisjonen nådde Antarktis. Stubberud var ikkje ein del av av gruppa som nådde Sørpolen, men deltok på ein mindre ekspedisjon til Edward VII Land.

Stubberud vart tildelt Sydpolsmedaljen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre