Jørn Nilsson Hilme, og kalla Skjegle-Jørn, (177825. februar 1854) var ein vidgjeten norsk spelemann frå Nord-Aurdal i Valdres. Han er rekna som ein av dei største stilskaparane innanfor Valdres-spelet, og har om lag same vørdnad i Valdres som Myllarguten har i Telemark.

Jørn Hilme
Fødd1778
Død25. februar 1854 (75 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Jørn kom frå små kår, og levde det meste av livet på same vis. Likevel fekk han stor åtgaum som spelemann i Valdres. Når tinndølen Knut Lurås kom til Valdres på ferd med målarskrin og fele, kom han snøgt i lag med han Jørn, og desse bytta slåttar og påverka kvarandre. Gjennom dette møtet vart det ein bindelekk mellom spelet i Telemark og spelet i Valdres.

Jørn hadde slikt eit omdøme som spelemann at det vart sagt han kunne trolle med fela si. Det går fleire segner om han, mellom andre er det fortald at han spela til seg drammeglas. Dette tyder at han spela slik at ølkruset lea på seg. Dette draget ved spelet hans Jørn vart seinare teke opp av sonen hans, Nils Hilme.

Jørn Hilme var og den som tok til å flette fleire ristetak inn i Valdres-springaren. Desse slåttane, som det i alt er sju av, er kalla Hilmerengjene, eller Jørn-rengjene. Desse slåttane er mykje nytta som meisterstykke mellom spelemenn både i Valdres og i andre dalføre.

Hilme-spelet vart mest teke vare på og nytta i Øystre Slidre.

Valdres Folkemuseum vart dei reist ein minnestein over Jørn Hilme i 1960. I høve avdukinga av «Hilmissteinen» vart det halde kappleik, og sidan eit årleg stemne, Jørn Hilme-stemnet, som går føre seg siste helga i juli kvart år.