Hilmerengjene eller Jørnrengjene er namnet på ei gruppe slåttar med opphav i Valdres. Slåttane er kalla "rengjer" av di dei er rekna som særs vrange å spela. Det skal vera spelemannen Jørn Hilme som i si tid utvikla desse særprega slåttane, som er attkjennelege på ei lang rad med ristetak, gjerne i form av sekvens-spel tvers over heile fela. Dei eldre slåttetypene nytta helst ristetaka som markør for avfrasering, og ristetaka kom sjeldan meir enn to eller tre i venda. I rengjene er talet på ristetak gjerne oppe i sju.

Einskilde hilmerengjer

endre

Kristofferrengja

endre

Kristofferrengja har nr 403 i hardingfeleverket. Slåtten er komen til Voss med Ola Mosafinn.

Hilmerengja

endre

Hilmerengja har nr 443 i hardingfeleverket. Slåtten er spela på nedstilt bass (G-D-A-E). Han har vandra til Krødsherad og Voss.

Spelemannsprøva

endre

Spelemannsprøva har nr 444 i hardingfeleverket. Slåtten er spela på oppstilt bass. Slåtten er og kalla Valdresprøva.

Trumpen hass Trond

endre

Hardingfeleverket nr 448. Denne slåtten er mykje nytta både i Valdres og Hallingdal. Trond var ein av sønene til Jørn Hilme.