Opna hovudmenyen

Jürgen Klinsmann

tysk fotballmanager og fotballspelar

Jürgen Klinsmann (fødd 30. juli 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Göppingen.

Jürgen Klinsmann
Jürgen Klinsmann press conference (15096302000).jpg
Klinsmann i 2014
Personleg informasjon
Fødselsdato 30. juli 1964 (55 år)
Fødestad Göppingen i Vest-Tyskland
Høgd 181 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1984 Stuttgarter Kickers 61 (22)
1984-1989 Stuttgart 156 (78)
1989-1992 Inter 95 (34)
1992-1994 Monaco 65 (29)
1994-1995 Tottenham 41 (21)
1995-1997 Bayern München 65 (31)
1997-1998 Sampdoria 8 (2)
1997-1998Tottenham (lån) 15 (9)
2003 Orange City Blue Star 8 (5)
Totalt 514 (232)
Landslag
1987-1998 Vest-Tyskland / Tyskland 108 (47)
Trenar for
2008-2009 Bayern München
Landslagstrenar for
2004-2006  Tyskland
2011-2016 USA
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klinsmann spelte på det vesttyske/tyske fotballandslaget frå 1987 til 1998, og vart verdsmeister i 1990 og europameister i 1996 med høvesvis Vest-Tyskland og Tyskland. To gongar vart han kåra til året fotballspelar i Tyskland, og i 1995 i England. Han var aktiv både i Vest-Tyskland/Tyskland, Italia, Frankrike, England og i USA. To gongar var han med på å vinne UEFA-cupen, med Inter i 1991 og Bayern München i 1996.

I 2004 vart Klinsmann tilsett som landslagssjef i Tyskland, og leia laget til VM-bronse under fotball-VM 2006 på heimegrunn. Etter meisterskapen flytta han til USA der han dreiv eige firma.

Frå juli 2008 til april 2009 var han sjefstrenar i Bayern München. Sommaren 2011 tok han over sjefsrolla for USA sitt landslag etter Bob Bradley.

MerittarEndra

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • Tysk ligameister: 1997 med Bayern München
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1989 med Inter og 1996 med Bayern München

KjelderEndra