Jürgen Kohler

tysk fotballspelar

Jürgen Kohler (fødd 6. oktober 1965 i Lambsheim) er ein tysk tidlegare fotballspelar som var midtstoppar då Vest-Tyskland vann VM i fotball 1990 og Tyskland vann EM i fotball 1996. Han vann UEFA-cupen 1993 med italienske Juventus og Meisterligaen 1997 med Borussia Dortmund. Kohler vart seriemeister i Tyskland tre gongar og ein gong i Italia.

Jürgen Kohler
Personleg informasjon
Fullt namn Jürgen Kohler
Kallenamn Kokser
Fødd 6. oktober 1965 (59 år)
Fødestad Lambsheim i Vest-Tyskland
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983–1987 Waldhof Mannheim 95 (6)
1987–1989 Köln 57 (2)
1989–1991 Bayern München 55 (6)
1991–1995 Juventus 102 (8)
1995–2002 Borussia Dortmund 191 (14)
Totalt 500 (36)
Landslag
1986–1998 Tyskland 105 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Kohler spelte 1983-87 på Waldhof Mannheim, 1987-89 på FC Köln, 1989-91 på Bayern München, 1991-95 på Juventus og 1995-2002 på Borussia Dortmund. Frå 1986 til 1998 aksla han den vesttyske/tyske landslagstrøya i 105 kampar og skåra to landslagsmål.

Merittar

endre
  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • EM-sølv: 1992 med Tyskland
  • Tysk seriemeister: 1990 med Bayern München
  • Tysk seriemeister: 1995, 1996 og 2002 med Borussia Dortmund
  • Italiensk seriemeister: 1995 med Juventus
  • Italiensk cupmeister: 1995 med Juventus
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1993 med Juventus
  • Vinnar av Meisterligaen: 1997 med Borussia Dortmund
  • Vinnar av Intercontinentalcupen: 1997 med Borussia Dortmund

Kjelder

endre