Jabal Amman
Jabal Amman er ein av sju åsar som opphavleg utgjorde Amman i Jordan. I dag ligg Jabal Amman nær det gamle sentrumsområdet.
Jabal Amman | |||
ås | |||
Jabal Amman og åslandskapet
| |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Amman guvernement | ||
Kommune | Stor-Amman kommune | ||
Koordinatar | 31°57′2″N 35°55′23″E / 31.95056°N 35.92306°E | ||
Grunnlagd | Det ammonittiske kongedømet fvt. | ||
Jabal Amman 31°57′02″N 35°55′23″E / 31.950555555556°N 35.923055555556°E | |||
Kart som viser Jabal Amman.
| |||
Wikimedia Commons: Jabal Amman |
Historie
endreI lag med resten av gamle Amman, vart Jabal Amman først busett i yngre steinalder. Men i motsetnad til åsane kring, særleg Jabal al-Qal'a, vart det aldri bygd festningsverk på Jabal Amman.[1] Han var ein noko skogkledd øydemark fram til 1900-talet, då Amman vart hovudstaden i Transjordan og kongelege, rike familiar, forretningsfolk, offiserar og politikarar byrja å flytte til Jabal Amman.[1] Etter kort tid vart åsen det finaste strøker i Amman. Etter kvart som Amman spreidde seg vestover, vart Den første sirkelen bygd og Jabal Amman vart ei hovudåra aust-vest for den raskt veksande byen. I dag veks det rekkjer av fullvaksne tre i gatene i Jabal Amman.[1] I 2005 fekk Jabal Amman status som ein attraksjonsarv av Stor-Amman kommune og det vart lagt planar for å bevare og utvikle den historiske høgda.[2]
Bilete
endre-
Rainbow-gata går gjennom Jabal Amman
-
Den første sirkelen
-
Mango-gata
-
Jordan River Foundation House
-
Den andre rundkøyringa
-
Den tredje rundkøyringa - Jabal Amman
-
Souk Jara, ein fredagsopen loppemarknad
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jabal Amman» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Matthew Teller. Rough Guide to Jordan. Rough Guides, 2007. ISBN 1-84353-458-4.
- ↑ «Rainbow Street». Henta 1. oktober 2015.