Opna hovudmenyen

Jackie Jackson

amerikansk songar

Sigmund Esco «Jackie» Jackson (fødd 4. mai 1951) er det nest-eldste barnet i den musikalske Jackson-familien frå Gary i Indiana. Jackie var det eldste av medlemmene i The Jackson 5.

Jackie Jackson
Jackie Jackson 1977.jpg
Fødd4. mai 1951
FødestadGary
AliasJackie Jackson
OpphavUSA
Aktiv1962–
Sjangerrhythm and blues, soul, pop, new jack swing
Instrumentvokal, tamburin
Stemmetypetenor
PlateselskapSteeltown Records, Epic Records, Motown
Verka somsongar, dansar, musikar, låtskrivar, filmprodusent
MorKatherine Jackson
FarJoe Jackson
Sambuar medPaula Abdul

BiografiEndra

Jackie Jackson var med i The Jackson 5 frå byrjinga, der han song høg tenor. Han var likevel tidleg ute med solokarriere, og gav ut den fyrste soloplata si i 1973 med namnet Jackie Jackson. The Jackson 5 skifte namn til The Jacksons då dei bytte plateselskap i 1975, men Jackie var med heile tida fram til midten av åttitalet. Den andre og til no, siste soloplata hans kom i 1989, under tittelen Be The One.

I dag bur Jackie Jackson i Las Vegas der han driv to plateselskap. Han har to born frå fyrste ekteskapet sitt, og eldste sonen hans er i dag rappar, kjend under artistnamnet DEALZ.

KjelderEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.