Opna hovudmenyen

Jacob Erik Lange (17675. april 1825) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Jacob Erik Lange
Jacob erik lange.jpg
Fødd 3. april 1767
Bergen
Død

5. april 1825

Yrke politikar
Jacob Erik Lange på Commons

Lange var fødd i Bergen, som son av ein prokurator. Han vart offiser i 1789, premierløytnant i 1798. I 1808 vart han kaptein i 2. trondhjemske infanteriregiment, ti år seinare kompanisjef for trondhjemske gevorbne musketerkorps.

I 1814 var Lange utsending frå regimentet sitt til riksforsamlingaEidsvoll. Han gjorde lite av seg i forhandlingane, og er ein av dei som historikarane ikkje veit kvar stod i unionsspørsmålet.[1]

Lange vart tildelt den svenske Sverdordenen.

KjelderEndra

  1. «Jacob E. Lange». Eidsvoll 1814. Henta 3. september 2016.