Jacob Stefan Jervell (21. mai 19252. mars 2014) var ein norsk teolog, professor emeritus, forfattar og prest.

Jacob Jervell
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1925
Død

2. mars 2014 (88 år)

Yrke prest, omsetjar, teolog, skribent, bibelomsetjar
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Jervell blei dr.theol. på avhandlinga Imago Dei i 1959, og var frå 1960 til 1988 professor i bibelvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Frå 1997 gjorde han i ein treårsperiode teneste som Professor II ved Universitetet i Tromsø. Han hadde òg gjesteprofessorat blant anna ved universiteta i Yale i USA og i Århus i Danmark.

Jervell takka i 1978 nei til førespurnaden om å bli biskop i Den norske kyrkja. Han var internasjonalt kjend som ekspert på nytestamentlege skrift, og var ein av Noregs mest markante teologar og samfunnsdebattantar. I delar av kyrkja blir han rekna som kontroversiell - og høyrer til den såkalla «liberale fløya».

Heidersteikn endre

Bakgrunnsstoff endre