Opna hovudmenyen

Jacob Edvard Munch (9. august 177610. juni 1839) var ein norsk offiser og portrettmålar.

Jacob Munch
Self portrait, by Jacob Munch.jpg
Fødd 9. august 1776
Christiania
Død

10. juni 1839
Christiania

Yrke kunstmålar
Jacob Munch på Commons

Munch var fødd i Christiania. Han var mellom Noregs første akademiutdanna kunstnarar, studerte 1804-06 ved kunstakademiet i København. Frå 1806 til 1813 budde han i Paris, der han var elev av den nyklassisistiske målaren Jacques-Louis David.

Munch malå ei rekke portrett av norske patrisarfamiliar i ei «stiv utgåve av den franske empirestilen». Hovudverket er Carl Johans kroning i Trondhjems domkirke frå 1818, eit måleri bestilt av det kongelege hoff. Han laga nokre få landskapsmåleri. I 1818 var han ein av grunnleggjarane av 'Den kongelige Tegneskole' i hovudstaden. Han underviste ved skulen frå 1820.

Ein del verk av Jacob Munch finst i Nasjonalgalleriet.

GalleriEndra

KjelderEndra