Jacob Tullin Thams
Jacob Tullin Thams (7. april 1898–27. juni 1954) var ein norsk skihoppar og siglar frå Oslo. Han var medlem av Idrettsforeningen Ready i Oslo. Thams vart i 1924 den fyrste olympiske meisteren i skihopping, og tok 12 år seinare ein sølvmedalje i segling under sommar-OL 1936.
Jacob Tullin Thams | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1898 Christiania |
Død | 27. juli 1954 (56 år) Oslo |
Idrett | skihopping, kombinert, segling |
Tok del i | Vinter-OL 1928, Skihopp under Vinter-OL 1924, Seiling under Sommer-OL 1936 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Karriere
endreThams sette bakkerekord i Holmenkollbakken i 1922 med 46 meter, ein rekord som stod i fire år. 4. februar 1924 vann han det spesielle hopprennet under dei fyrste olympiske vinterleikane, avvikla i Chamonix. Same sesongen vann han Damenes pokal som beste skihoppar i Holmenkollen, ein prestasjon han gjentok dei neste tre sesongane. I 1926 vart han verdsmeister i skihopping i Lahti, same året vart han elles tildelt Holmenkollmedaljen.
Under vinter-OL 1928 i St. Moritz var Thams ein av favorittane i hopprennet. Han låg på femteplass etter første omgang. I den andre omgangen landa han på ny verdsrekordlengde, 73 meter, men ramla og hamna langt nede på resultlista. Før tevlinga hadde han klaga overfor dei sveitsiske arrangørane og uttrykt misnøye med at tilløpet var så langt, noko som gjorde at også ordinære hopparar var i stand til å hoppe langt.
I 1936 var Thams mannskap på den norske båten som deltok i sommar-OL i Berlin i 8m-klassen. Båten tok sølvmedaljen i tevlinga, noko som gjer at Thams er ein av fem idrettsutøvarar som har medaljar frå både sommar- og vinterleikar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jacob Tullin Thams» frå Wikipedia på tysk, den 7. februar 2014.