Jacobs Douwe Egberts Norge

Jacobs Douwe Egberts Norge (JDE) er frå 2015 namnet på det tidlegare Kaffehuset Friele og House of Coffee i Bergen etter at dette selskapet vart seld av dei lokale eigarane. Firmaet har lange tradisjonar i Bergen, og har arbeidd seg opp til å verte ein viktig fabrikant og grossist av kaffi på den norske marknaden, med eit moderne kaffibrenneri på Midtun i Fana i Bergen.

Jacobs Douwe Egberts Norge


BransjeKaffi
Skipa1799
HovudkontorBergen
LandNoreg
Nettstadhttps://friele.no (norsk)
Friele frokostkaffe er framleis eit av varemerka, jamvel om Kaffehuset Friele har vorte til Jacobs Douwe Egberts Norge.

Soge endre

Kaffehuset Friele har sine røter attende til 1799, då skipskaptein Herman Friele gjekk i land i Bergen for å satse på handelsverksemd. I røynda var det kona hans som var den drivande krafta i ein butikk som vart etablert i sentrum av Bergen. Frå å importere ulike varer som vart selde i denne butikken, utvikla verksemda seg gjennom fleire generasjonar av den same familien til å verte ein leiande importør av råkaffi og drivar av eit kaffebrenneri som fram til midt på 1980-talet selde kaffi som ein velkjend merkevare framfor alt på Vestlandet og i Nord-Noreg, seinare over heile landet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jacobs Douwe Egberts Norge