Jacques Peaks er nokre fjelltoppar med ei høgd opp mot 385 moh ved nordvestenden av Reclus Peninsula på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Dei er med på eit argentinsk kart frå 1954. Fjella vart namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 etter Greville L. Jacques, ein helikopterpilot på Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition, 1955–57, som landa på ein av desse toppane for å opprette ein kartleggingsstasjon. Fjella er dei mest kjennelege på Reclus Peninsula.[1]

Jacques Peaks
fjell
Land  Antarktis
Topp Graham Land
 •  høgd 385 moh.
 - koordinatar 64°31′S 61°51′W / 64.517°S 61.850°W / -64.517; -61.850
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Jacques Peaks
64°31′00″S 61°51′00″W / 64.516666666667°S 61.85°W / -64.516666666667; -61.85
Jacques Peaks is located in Antarktis
Jacques Peaks (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Jacques Peaks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jacques Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).