Jaén
Jaén (arabisk جيان - Jayyān) er ein by sør i det sentrale Spania, og provinshovudstad i provinsen Jaén i Andalucía. Namnet kjem truleg frå det arabiske ordet Jayyan («caravanekryss»).
Jaén | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Jaén | ||||
Borgarmeister | Carmen Purificación Peñalver Pérez | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
422 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
117 540 278,5 /km² | ||||
Koordinatar | 37°46′N 3°47′W / 37.767°N 3.783°W | ||||
Høgd over havet | 573 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 23001 - 23009 | ||||
Telefon-retningsnummer | 953 |
Innbyggjarane i byen vert kalla jiennenses og han har opp under 120 000 innbyggjarar, som er om lag ein sjettedel av innbyggjarane i provinsen.
Dei siste åra har Jaén opplevd ein stor auke i kulturell turisme. Jaén er òg kjend som «verdshovudstaden for olivenolje» fordi han er den største produsenten av dette produktet. Jaén består av bratte, smale gater og er avgrensa av åsane han ligg rundt.
Jaén er det administrative og industrielle senteret i provinsen. Av industri byen finn ein kjemiske fabrikkar, garveri, distilleri, kjeksfabrikkar og tekstilfabrikkar.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell turistside Arkivert 2013-07-10 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jaén» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2009.