Opna hovudmenyen

Mini Jakobsen

norsk fotballspelar
(Omdirigert frå Jahn Ivar Jakobsen)

Jahn Ivar Jakobsen (fødd 8. november 1965 i Gravdal) er ein norsk tidlegare fotballspelar som er kjend som Mini Jakobsen. Han spelte for ei rekke fotballklubbar, og spelte 65 landskampar for Noreg i tida 1988-98.

Mini Jakobsen
Fødenamn Jahn Ivar Jakobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1965
Gravdal
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Som klubbspelar er Jakobsen særleg kjend for sine to periodar, 1988-90 og 1994-99, i Rosenborg Ballklubb. Med Rosenborg vann han seks seriemeisterskap og fire cupgull. Elles spelte han midtspiss for Bodø/Glimt 1984-87, og seinare flankespelar i sveitsiske Young Boys i 1990-93 og belgiske Lierse 1993/94.

Jakobsen skåra 11 landslagsmål for Noreg. Han var med i troppane til VM i fotball 1994 og 1998.

MerittarEndra

  • Seriemeister: 1988, 1990, 1995, 1996, 1997, 1998 og 1999 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1988, 1990, 1995 og 1999 med Rosenborg.

KjelderEndra