Jakob Kjersem
Jakob Kjersem (2. august 1925–11. juni 2009) var ein norsk langdistanseløpar frå Tresfjord som sprang for Hjelvik IL.
Jakob Kjersem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. august 1925 Tresfjord |
Død | 11. juni 2009 (83 år) Vestnes kommune |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948 |
Han tok i alt 7 norske meisterskap i høvesvis terrengløp, landevegsløp og skogsløp. Han deltok i OL i London i 1948 og OL i Helsingfors i 1952, og fekk totalt 37 landskampar for Noreg i friidrett. Jakob Kjersem skipa Den norske maratonklubb (no KONDIS). Som yrkesaktiv livnærte han seg mellom anna som journalist, bonde og tømmerhoggar.
Kjelder
endre«Jakob_Kjersem» av Inge Asbjørn Haugen i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- «Jakob Kjersem» (på engelsk). Olympedia. Henta 3. mars 2023.Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.